Tilbake til oversikt
ASSITEJ og Sentralen presenterer: Fredrik - Musa Som Samla på Solskin
Planlagt
ARRANGERT AV Sentralen

ASSITEJ og Sentralen presenterer: Fredrik - Musa Som Samla på Solskin

Oslo, Norge
3, Øvre Slottsgate, Kvadraturen, Sentrum, Oslo, 0157, Norge

Kort Fortalt

Det nærmar seg vinter, og museflokken har det travelt. Alt må vere klart. Frø skal samlast, strå skal berast – ingen har tid å miste. Bortsett frå Fredrik. Han sit berre der. Ser. Lyttar. Samlar noko heilt anna. Kvifor? Grunnen skal vise seg å vere heilt magisk. I denne framsyninga blir barna sjølve ein del av historia. Dei blir med inn i museflokken og eit levande og leikande univers, der det som ein ikkje kan ta på, gjerne viser seg å vere det ein treng aller mest. Framsyninga bygger på den klassiske bildeboka av Leo Lionni. Vi oppmodar foreldre om å til å la barna kle seg som mus denne dagen, viss dei vil. Øyrer, halar eller ein brun genser er meir enn nok. Dersom barna ønskjer å lage ei teikning av musa Fredrik og ta med på framsyninga til Kornelia og Fredrik, blir dei veldig glade for det, for dei samlar nemleg på teikningar og! Til dei vaksne:
 Vi lever i ei kaotisk verd. Og vi spring gjennom dagane, medan vaksenprat om alt det vanskelege surrar i bakgrunnen. Barna lyttar meir enn vi trur. Gjennom Fredrik vil vi gi dei ei anna røyst å lytte til. Ei historie om å vere annleis, men likevel viktig. Om å samle på fargar, ord og lys – og å dele med flokken. Alt dette pakka inn i ei leiken og magisk forteljing om ei lita mus som torer å vere seg sjølv. 
Fint å vite:
 * Sal: Gymsalen * Framsyninga høver for born 4-7 år. * Forfattar Leo Lionni, skapt og framført av Kornelia Nicolaysen Melsæter. * Miniatyrskog er produsert av Joanna Szczypka
 * Ytre auge Kristoffer Nicolaysen Melsæter, Kyrre Eikås Ottersen og Kristina Kjeldsberg

Tidspunkt

lør. 17.1.
14:00
Scroll for mer

Klar til å Utforske?

Få ubegrenset tilgang til denne opplevelsen og hundrevis av andre med et Godopass-medlemskap.

Kom i Gang